Bussvei

Her er forslaget som blir lagt ut til høring i høst.

Sjå reguleringsplanen og film av Bussveien gjennom Jåttåvågen her

Statens vegvesen er ferdig med forslag til reguleringsplan for Bussveien gjennom Jåttåvågen.

Planleggarar i Statens vegvesen har saman med prosjekteigar Rogaland fylkeskommune jobba med bussveiplanane for Jåttåvågen i fleire år. Denne veka leverer dei planen til behandling i Stavanger kommune.

– Vi er stolte over planen vi nå leverer ifrå oss. Løysinga er framtidsretta, med gode tilbod til alle som går, syklar og reiser med buss, seier planprosessleiar i Statens vegvesen, Richard Wigestrand.

Bussveien gjennom Jåttåvågen er cirka to kilometer lang, mellom Stasjonsveien på Vaulen til Gauselvågen. Langs strekninga kjem sykkelfelt og fortau.

 

Ny bydel

I framtida kjem rundt 1500 nye bustader og arbeidsplassar på det gamle industriområdet i Jåttåvågen. Bussveien er ein sentral brikke i ei slik utvikling og bidrar til å nå nullvekstmålet om at fleire skal reise kollektivt.

– Bussveien er heilt nødvendig for den nye bydelen i Jåttåvågen. Nå håpar vi at innbyggarane og kommunen er nøgde med forlaget vårt til korleis løysinga blir, seier Wigestrand.

Framtidsretta

Bussveien gjennom Jåttåvågen blir den dyraste strekninga i Bussveien. Dei siste åra har prosjektleiinga kutta vesentlege kostnadar, slik at ein nå held seg innanfor styringsramma som er 1,9 milliardar kroner.

– Vi må hugse at vi planlegg Bussveien med tanke på framtida. Denne strekninga er til dømes  avgjerande for å utvikle den nye bydelen i Jåttåvågen, og koplinga opp mot det nye sjukehuset, poengterer Wigestrand.

Dette får innbyggarane

  • tryggare vegar for dei som syklar og går, med eigne sykkelfelt og fortau
  • bru over jernbanen
  • heilt ny forbindelse mellom Hinna og Jåttåvågen for dei som syklar og går (over brua)
  • lokk over rundkøyringa ved Jåttå videregående skole, med mjuke trafikantar og buss oppå, bilar under
  • ein framtidsretta kopling for bussar mot nye SUS og UiS
  • saman med jernbanen, eit sentralt kollektivknutepunkt
  • betre for naboar i Hinnasvingene med bilane under bakken
  • godt kollektivtilbod til elevar ved Jåttå videregående skole

Samanhengande Bussvei Stavanger-Sandnes

Når Bussveien gjennom Jåttåvågen er ferdig bygt, er det samanhengande bussvei mellom Stavanger og Sandnes.

Samferdslesjef i Rogaland fylkeskommune, Gottfried Heinzerling meiner bussvei-strekninga gjennom Jåttåvågen er eit nøkkelprosjekt for kollektivsatsinga på Nord-Jæren.

– Med denne brikka på plass kan vi opne Bussveien mellom Stavanger og Sandnes på den strekninga med mest passasjerar. Satsinga på Bussveien her er eit vilkår for framtidig utvikling i bydelen. Vi får ei viktig kopling mot universitetet og det nye sjukehuset, og det blir betre for mjuke trafikantar, seier han.

Stram framdrift

Bussveien gjennom Jåttåvågen er eit komplisert prosjekt, og det blir krevjande å bygge strekninga.

Det betyr nokre år med ulemper for dei som bur og ferdast i området.

– Vi er avhengige av ei stram framdrift for å bli ferdige til 2023. Truleg må vi jobbe skift for å bli ferdige i tide. Det blir også utfordrande å avvikle trafikken i byggeperioden. Dette har vi planar for, men vi ønskjer å gjere ulempene minst moglege for folk, mellom anna ved å informere godt om kva som skjer, fortel Wigestrand.

Opne dører

Stavanger kommune kjem truleg til å legge reguleringsplanen på høyring i løpet av hausten. -Då kjem vi til å halde opne dagar og kvelder der dei som ønsker det kan møte oss planleggarar for å sjå planen og korleis dei eventuelt blir påverka, seier Wigestrand.

Share via
Copy link
Powered by Social Snap